Kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling.
FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Vil få fart på leilegheitsbygging
Kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling gler seg over å ha ti millionar kroner til bustadkjøp som kan utløyse prosjekt i Vindafjord. Han ser eit fond som ein mogleg måte å få mest mogleg ut av pengane.
— Me trur at dette kan bli eit veldig viktig verktøy for å akselerere leilegheitsprosjekt. Me veit at leilegheiter er mangelvare i Vindafjord kommune, og me veit at me treng dei når det gjeld omsorgstrappa, sa kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling i eit formannskapsmøte tysdag.
Omsorgstrappa handlar om ulike omsorgsnivå, der tiltaka på det lågaste nivået blir gjort i heimen, mens dei høgare oppe blir gjort i institusjon. Eit viktig fokusområde for Vindafjord kommune er å gi flest mogleg eldre høve til å bu lengst mogleg heime.
Legg til rette for eldre