Fiskeridirektoratet vil setje i verk prosessar for å rydde i praksis rundt bruk av såkalla heimfarfisk eller kokfisk. Målet er å sikre at all fisk som blir fiska i ervervssamanheng, faktisk blir ført i ressursrekneskapen og blir kvoteavrekna.
Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / NTB / NPK
Vil endre reglar for å unngå ulovleg fiskesal
NTB-NPK: Bakgrunnen for at Fiskeridirektoratet foreslår ein slik prosess, er mellom anna tilrådingar frå fiskerikontrollutvalet, som i ei offentleg utgreiing i 2019 skreiv dette:
Utvalget mener prinsipielt at all fangst tatt i et kommersielt fiske skal kvoteavregnes og registreres i ressursregnskapet, og at eventuell heimfarfisk må registreres særskilt på seddel for kvoteavregning. Det vil åpne for at fisker fremdeles kan beholde heimfarfisk til eget konsum uten at denne delen av fangsten omsettes, samtidig som heimfarfisken også framgår av ressursregnskapet.»
Fiskerikontrollutvalet følgde opp dette med å tilrå at det blir sett i verk eit krav om at heimfarfisk skal registrerast på setel.
Fiskeridirektoratet opplyser på nettsidene sine at kvantumet av heimfarfisk i nokre tilfelle er så stort at det gir mistanke om at formålet er å selje utanom lovlege omsetningskanalar, eller å dele ut fisk utover eige hushald.
— Når vi foreslår ein slik prosess er det derfor ikkje kvar enkelt fisk som blir eten om bord vi ønskjer å treffe. Vi meiner rett og slett at all fisk som blir landa, må registrerast på ein setel, skriv direktoratet.
Til sjølve prosessen legg direktoratet opp til at næringa blir orientert om foreslått endring av praksisen av i dag og at næringa blir gitt moglegheit til å uttale seg før det blir gjort ei endeleg avgjerd om ny praksis og handheving.
(NPK)