Samferdsel
Vil bli med i Hordfast-selskap
Dette kjem fram i saksinnkallinga til eit møte i formannskapet tysdag. Om kjøpet blir gjennomført, blir det finansiert gjennom det generelle disposisjonsfondet.
I framlegget til vedtak poengterer kommunedirektør Yngve Folven Bergesen at kommunen føreset at eigarskap i selskapet ikkje inneber årlege driftstilskot til det. Vindafjord kommune har blitt invitert til å kjøpe aksjar og bli medeigar i Stavanger2Bergen AS av selskapet sjølv.
Redusert reisetid
Stavanger2Bergen AS, tidlegare Hordfast AS, er ein organisasjon som jobbar for realisering av ferjefri E39 på strekninga Stavanger–Bergen. Hovudelementa i å potensielt få til dette er dei store prosjekta Rogfast og Hordfast.
Rogfast er eit vegprosjekt under bygging på europaveg 39 som vil gje ferjefri vegsamband mellom nord og sør i Rogaland under Boknafjorden. Rogfast er ein del av prosjektet Ferjefri E39. Hovuddelen av Rogfast er den 26,7 kilometer lange Boknafjordtunnelen, som blir verdas lengste undersjøiske vegtunnel. Rogfast blir estimert å opne i 2033.
Hordfast er eit planlagt ferjefritt samband på E39 mellom Stord og Os i Vestland. I dag går E39 mellom Os og Stord via ferjesambandet Halhjem–Sandvikvåg. Visjonen i prosjektet er å kutte reisetida mellom Stavanger og Bergen frå fem timar i dag til to timar, om både Rogfast og Hordfast blir realisert.
Viktig for nærlingsliv og innbyggjarar
Vestlandskysten er Noregs fremste eksportregion, og i utviklinga mot eit meir berekraftig samfunn vil dette, ifølgje Folven Bergesen, forsterke seg. For å sikre vekst og utvikling på Vestlandet meiner han at det er avgjerande med betre mobilitet og raskare reiseavstandar.
— Transportkorridoren mellom Bergen og Stavanger er viktig for både innbyggjarar og næringsliv i Vindafjord og på Haugalandet, skriv Folven Bergesen.
Han viser til at ei ferjefri åre med ny veg frå Stord til Os vil redusere reisetida betrakteleg og knyte Vestlandet tettare saman. Med Rogfast og Hordfast er reisetida frå Stavanger til Bergen estimert til å bli om lag 2 timar, mot 4 timar og 30 minutt i dag.
— Det er ei endring som er formidabel og vil gje store moglegheiter for næringsliv og innbyggjarar på Vestlandet, meiner kommunedirektøren.
Han ser det som viktig å støtte det målretta arbeidet Stavanger2Bergen gjer for å oppnå finansiering for ferjefri veg frå Stord til Os. Vidare framhevar han viktigheita av å ha samla politisk støtte til eit slikt selskap for å gje det legitimitet i arbeidet.
Samstundes ser ikkje kommunedirektøren rom for å støtte selskapet med driftstilskot, med bakgrunn i allereie tøffe prioriteringar i kommunen sin økonomi, og legg difor berre opp til å støtte selskapet med eit eingongstilskot.