Nordmenn er villige til å betale for at kulturlandsskap blir vareteke. Her utsikt over frå Vikebygd.
ARKIVFOTO: JAN MARTIN GRINDHEIM
Vil betale for ope jordbrukslandskap
Hovudfunksjonen til jordbruket er å produsere mat, men sektoren leverer også ei rekkje andre gode og tenester. No viser ei undersøking at 70 prosent av den norske befolkninga er positive til verkemiddel som støttar landskapsestetikk, naturmangfald og kulturarv.
Det skriv Landbruksdirektoratet i ei pressemelding.
I ei undersøking gjennomført av Norstat tok respondantane stilling til tre scenarier med ulik grad av tiltak og kva dei var villig til å betale for desse:
1. Kun landskapsestetikk (ope landskap)
2. Landskapsestetikk og naturmangfold
3. Landskapsestetikk, naturmangfold og kulturarv.
Svara viste relativt stor betalingsvilje for å unngå gjengroing av jordbruksareal og tap av desse verdiane, og indikerte at per vaksen per år var villig til å betale 700-1400 kroner for dei ulike tiltaka.
Sjølv om slike tal er usikre, viser det at natur- og kulturgode potensielt har stor velferdsmessig betydning og at dette kan leggjast meir vekt på i utforming av verkemiddel overfor jordbrukssektoren, skriv Landbruksdirektoratet.