Frå venstre: Ylva Grimås, Ella Ledaal Bjørnestad, Saga Krokedal, Sigrid Valentina Hundseid, Odin Matre og Marcus Aaker.
Vikedal skule, 1. klasse
Irene Mæland Haraldsen Irene Mæland Haraldsen
PublisertSist oppdatert
Kva likar du best å gjera på skulen?
– Eg likar å klatra i klatrestativet og så likar eg å vera ute. Eg likar å leika med bilar og Lego inne.
Odin Matre
– Eg likar å leika tikken i klatrestativet. Det er kjekt berre me held oss fast. Inne likar eg å leika butikk.
Markus Aaker
– Eg likar å gjera lekser og å reila. Eg likar også å teikna og leika med einhjørning. Det er kjekt på skulen.
Sigrid Valentina Hundseid
– Eg likar aller best klatretårnet og så likar eg å spela fotball. Gutane mot jentene, og jentene vinn mest. Det er kjekt på skulen. Eg har nett lært å lesa.
Ella Ledaal Bjørnestad
– Eg likar kunst og handverk. Me perlar og lagar robotar av dorullar. Og eg likar å leita etter portalar. Då kan me koma til ei anna verd.
Ylva Grimås
– Eg likar best å vera i klatrestativet og så likar eg å teikna.