Gunnar Birkeland er glad for vegen som blir utbetra mellom Trovåg og Dommersnes, og oppmodar sambygdingane til å visa tålmod.
Foto: Grethe Hopland Ravn
— Vikebuen har fått meir enn dei er lova
Gunnar Birkeland har forståing for at sambygdingar synest oppgraderinga av fylkesvegen mellom Trovåg og Dommersnes dreg ut i tid, men han er likevel opptatt av at folk må visa litt goodwill» og vera takknemlege for det dei no får.
— Eg trur me får mykje meir enn me opphavleg var tiltenkt. Kanskje tre gonger så mykje. Me blei lova ti nye møteplassar, og det har me fått. I tillegg har me fått ein god del ekstra meter med utbetra veg. Det er viktig at me signaliserer ut til fylkeskommunen og entreprenør Sigurd M. Søvik, at dette er me svært takknemlege for, seier han.
Mykje veg for krona