Husnes BryggeSkjermdump: Husnes Brygge
Vigor Bygg vann fram i retten mot Husnes Brygge
Haugaland og Sunnhordland tingrett har dømt Husnes Brygge AS til å betala over 10,4 millionar kroner til Vigor Bygg AS, etter ein omfattande tvist om økonomisk sluttoppgjer knytt til oppføringa av ei bustadblokk med 21 leilegheiter på Husnes.
Saka gjaldt sluttoppgjeret etter bygginga av prosjektet. Partane inngjekk totalentreprisekontrakt 23. mai 2023 basert på eit tilbod på rundt 75 millionar kroner, og bygget stod ferdig hausten 2024. Etter at Vigor Bygg sende sluttoppstilling, oppstod det tvist om betaling. Vigor Bygg sende søksmålsvarsel i februar 2025, og saka gjekk for Haugaland og Sunnhordland tingrett no i haust, med hovudforhandling frå 23. september til 7. oktober og synfaring 29. oktober.
Standardkontrakt
Retten viser i dommen fleire gonger til NS 8407. Det er Standard Norge sin standardkontrakt for totalentreprise. I ein totalentreprise har entreprenøren ansvar for både prosjektering og utføring av byggjeprosjektet. Denne standarden regulerer kva pliktar som gjeld for entreprenør og byggherre, korleis endringar skal handterast, korleis pris skal justerast og kva reglar som skal leggjast til grunn for sluttoppgjeret. I denne saka har retten brukt desse reglane når dei har vurdert kva for krav og motkrav som skal godkjennast.