I Bergen har ein antakeleg kontroll på folketalet, men det er ikkje gitt at ein har over alt.
Foto: NPK
Vi kan vere mange fleire menneske på jorda enn vi trur
Josias Láng-Ritter frå Aalto-universitet i Finland og kollegaene studerte data frå 307 store dam-prosjekt i 35 land. Dei samanlikna tala over folk som måtte flytte, med folketala for same område frå fem store globale befolkningsdatasett. Det skriv forskning.no.
I kvart einaste tilfelle var det offisielle folketalet i området mykje lågare enn talet på menneske som måtte flytte. Nokre stader var det nesten ei halvering.
Láng-Ritter og kollegaene trur dette kjem av at dei offisielle modellane systematisk undervurderer talet på innbyggjarar på landsbygda.