Sidan starten har 7.021 ulike personar deltatt på Ølmedal Rundt. Eit overslag gjort av arrangøren Vindafjord IL, viser at rundt seks personar har vore med sidan starten for 30 år sidan. På lista er fire lokale namn som har bidrege med alt frå dugnad til deltaking på løp. I år står dei igjen klar til å gjera ein innsats.
— Eg har vore med i alle år og blir med også denne gongen. Det er ein veldig fin tur rundt vatnet med vakker natur og fuglekvitter undervegs. Heile familiar frå alle bygdene rundt stiller opp, og for ungane er det stas med pausen ved campingplassen midt i løypa der det blir tid til litt iseting undervegs, seier Ingvald Nybru frå Vikedal som gler seg til det årlege trimløpet rundt det idylliske vatnet.
— Forma er ganske bra, men i år skal eg gå. Dei første åra sprang eg, seier 68-åringen og nøyer seg å stilla i trimklassen når startskotet går andre pinsedag.