Fylkesutvalet i Vestland meiner fylket framover må ta større ansvar for vår eigen mattryggleik gjennom å nytte og utvikle dei ressursane vi har for matproduksjon og auke eiga sjølvforsyning.
Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Vestland vil bli meir sjølvforsynte med mat
Det kjem fram i eit innspel til jordbruksforhandlingane som fylkesutvalet vedtok 9. februar, skriv Vestland fylkeskommune.
Både klimaendringane og situasjonen elles i verda, mellom anna med krig i Europa, påverkar den globale mattryggleiken, seier fylkesordførar Jon Askeland.
– Verda er no i ein situasjon der det samla sett er produsert mindre mat enn det er behov for. Norsk landbruk og norsk matproduksjon vert endå viktigare både i eit beredskapsperspektiv og for å lukkast med ei berekraftig utvikling.