Verdsstjerne som lokkemiddel
Fersk verdsmeister på 30 km langrenn, Sjur Røthe, skal trekkja publikum og deltakarar til årets Ølmedal Rundt. Arrangøren håpar på ny folkefest i den vesle bygda.
Vindafjord IL som står bak det tradisjonsrike løpet og turarrangementet rundt Ølmedalsvatnet i Imsland, har for vane å få med eit trekkplaster. Årets profil er med for fjerde gong, og seinast i fjor då rundt 1.500 var samla under premieutdelinga i finvêret andre pinsedag.
Lars Olav Larsen i arrangørklubben er glad for at vossingen igjen kjem til VIndafjord.
— Sjur Røthe er ein flott ambassadør for norsk idrett og skisport, og det same synest me i idrettslaget. Me har hatt kontakt lenge med vossingen gjennom våre eigne langrennsutøvarar. Med sin rolege og sympatiske stil er han limet i det norske skilandslaget, og han har også vore svært populær dei gongane har vore her, seier sandeidbuen som er primus motor for Ølmedal Rundt.