Verda?
me gjekk til fjells og opp på hytta, der me grilla og lo, på skulen […]
me gjekk til fjells og opp på hytta,
der me grilla og lo,
på skulen me mangt eit fotballkort bytta,
og lekte blindebukk nede på do,
så kom ei tid der ein trengte litt nytt,
innanfor fjella blei livet for lite,
i ungdomstida var tankane knytt,
eg skulle ut i verda og bite,
så vart eg større og flytta ut,
og fant ut at verda var stor,
for forandringar hadde eg inga sut,
eg kunne alltid komma heimatt til mor,
me flyttar ut fordi me vil læra,
det me i livet vil bli,
det er slik ein kan livet på ryggen bæra,
ein må finna sin eigen vri,
ute har eg blitt nå i mange år,
og flytta frå kant til kant,
samme kvar eg er blir vinter til vår,
og ein femmar er berre ein slant,
eg sit på ein velplassert benk i ein park,
blant høstens fargespel,
i livets bok er det mange ark,
eg er kun kome til første del,
mang ein gong høyrer eg fjellets song,
og då veit eg kva eg vil,
eg håpar at eg finn vegen ein gong,
for det er heime eg høyrer til.
Annelise Grindheim