Truls Skjold konsenterer seg godt, slik at ikkje Stina Tjoflot Nes (t.v.) og Hanne Gangdal snappar ballen frå han. Bak vaktar Emil Haugen målet.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Vellukka med felles breiddeidrett
Utpå banen i idrettshallen føregår ein hard kamp om fotballen. VG1-elevane frå idrettsfag ved Ølen vgs har gymtime, og det er liten tvil om at ungdommane gir alt for å vinna duellane. Jenter og gutar om kvarandre, i jambyrdige kampar, samt ein god dose stå-på-vilje. Her heng det tydelegvis høgt å vera det vinnande laget.
Denne timen er det berre elevane i VG1 idrett som har gym, men elles i veka tilbringer dei fleire skuletimar med alle dei andre klassane på idrettsfag, og studiespesialiserande linjer som har breiddeidrett i valfag. Og det er nytt av året. Før har desse fellestimane vore klassebestemte, men nå blir dei arrangert på tvers av alle klassar, og ungdommane får dermed større sjans til å spissa seg inn på idrettane som passar dei best. Enten det er turn, basketball, styrketrening eller volleyball. Desse faga går på omgang gjennom året. For dei som er spesielt interessert i fotball er dette ein idrett dei har høve til å velja som fordjuping gjennom heile skuleåret.
— Kjekke timar