Det var tett i gatene allereie ein time etter opning fredag.
Vel blåst til marknad nummer 40
Å endeleg få arrangera Etnemarknad igjen var godt for både dagleg leiar Vidar Lund og resten av gjengen han har i ryggen. I forkant var dei svært spente på vêret som ikkje såg veldig forlokkande ut, men så skjedde det som av og til skjer: Vêrgudane tok feil, og fredagen blei ein strålande dag, men ei publikumsnotering på over 3.200 personar.
— Laurdag kunne me notera over 5.000 besøkjande, og søndag blei ein rolegare dag med kontinuerlege regnbyer. Det spelar nok det ei rolle. Det var uansett veldig godt å få arrangert marknaden igjen etter tre år, seier Lund.
Søndag blei det notert 1.500 personar innom portane, så det totale besøkstalet for årets Etnemarknad hamna på 9.800 personar. Knappe 200 under målsettinga.