Randi Marjamaa er landssjef for Nordea i Noreg.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Vekst i både utlån og sparing for Nordea
Nordeas norske del melder om auke i både utlån og sparing. På konsernnivå har overskotet i første kvartal i år falle 9 prosent.
– Me står midt i ei spesiell tid, der både hushald og bedrifter blir påverka av den uvissa og uroa som er rundt oss, seier Randi Marjamaa, landssjef for Nordea Norge.
– Sjølv om det er kaotisk, er det få land i verda som er betre rusta enn Noreg og dei nordiske naboane våre til å tola dei skifta me no ser, seier ho.