Vegvesenet nektar å endre fartsgrense etter dødsulukke
Mora var i ferd med å krysse Movegen for å gå i sauefjøset då den fatale ulukka skjedde i møte med ein bil. At 60-sona opp frå Vikedal sentrum blir oppheva eit par hundre meter før der fylkesvegen går midt mellom bygningar som tilhøyrer garden, har vore tema i mange år.
Når det dei har frykta i mange år skjedde med tap av liv, venta Kristine Espevoll å få gehør hos Statens vegvesen i at det ikkje er rimeleg å ha 80 km/t gjennom garden. I dette tilfellet er det snakk om å forlenge ei 60-sone.
Tilsvarande eksempel