Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) saman med partifelle og justisminister Emilie Enger Mehl under eit besøk hos politiet på Mortensrud i Oslo i fjor vinter.
Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
Vedum varslar tydeleg satsing» på politiet
– Det vil bli ekstra midlar til politiet i det reviderte nasjonalbudsjettet. Dei står under stort press og gjer ein viktig jobb for din og min tryggleik, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til NTB.
Torsdag er det duka for ein regjeringskonferanse der revidert nasjonalbudsjett (RNB) står på dagsordenen.
Det er i RNB at regjeringa gjer oppdateringar i statsbudsjettet for i år, og det endelege forslaget blir lagt fram 14. mai.