Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Julegateopninga i fleire bygder denne veka. Her frå eit tidlegare arrangement i Ølen. Arkivfoto
Julegateopninga i fleire bygder denne veka. Her frå eit tidlegare arrangement i Ølen. Arkivfoto

Våt julegateopning

Publisert Sist oppdatert

Den årlege julegateopninga går av stabelen onsdag 28. november i Ølen i staden for torsdag 29. Grunnen til dette er det dårlege vêret som er meldt på torsdag, men i Etne går opninga som planlagt på torsdagen. I Ølen startar julegateopninga med nissetog som går frå Ølen senter, og alle blir oppmoda til å ta på seg nisselue. Nytt av året er at faklane blir kutta ut, og folk må heller ta med seg batterilys eller lucialys til toget. Ved Byggmix blir det allsong og juletregang, og servering av pølser og gløgg. Den planlagde tømminga av sparebøsser i SR-Bank går som først annonsert på torsdagen.

Tradisjonelt

I Etne blir julegateopninga som annonsert på torsdagen, men sidan vêret ikkje spelar på lag blir den planlagde julemarknaden på torget avlyst. Det som derimot går etter planen er tømming av sparebøsser i Etne sparebank, og tenninga av julegrana på Torget med rebus gjennom Etne sentrum. Etter både juletregang og julesong, blir det adventsstund i Gjerde kyrkje for dei som har lyst til å vera med på det. I Etne senter blir det trekking av pakkekalender, der ein person stikk av med ein heil julekalender, det blir gratis gløgg og peparkaker og kanskje kjem det storfint besøk frå Nordpolen.

Powered by Labrador CMS