I 2024 fløymde Prestabekken i Etne over. Nå er det på ny venta store nedbørsmengder. Arkivfoto: RENATE SÆVAREID
I 2024 fløymde Prestabekken i Etne over. Nå er det på ny venta store nedbørsmengder.

Varslar store nedbørsmengder

Det er venta mykje regn i Etne og Vindafjord dei komande dagane. Verst vil det bli på onsdag.

Publisert Sist oppdatert

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for nedbør, flaumfare og fare for jord- og sørpeskred i Etne både tysdag og onsdag. Tysdag er det venta 25 millimeter, medan det onsdag kan koma opp mot 49 millimeter. Vindafjord ser ut til å få litt mindre nedbør enn nabokommunen. Ved målestasjonen i Vats i Vindafjord er det meldt 17 millimeter tysdag og 36 millimeter onsdag. Torsdag ser det ut til at regnet lettar noko både i Etne og Vindafjord, og fram mot helga er det venta ei blanding av regn og overskya, med ein liten solgløtt i mellom regnbyene.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS