Medan det er eit lågtrykk rundt Skandinavia, er det samtidig eit høgtrykk ute i Norskehavet ved Island og Svalbard som skaper spenning og uvisse.
Derfor er det vanskeleg å få eit tydeleg bilete av 17. mai-vêret allereie no, understrekar Granerød. Men dei førebelse prognosane viser skiftande vêr utan dei høge temperaturane – og slik er biletet for heile landet.
— Eg ville hatt paraplyen klar uansett kvar eg var i Noreg, slik det ser ut med dagens prognose, seier han.
20 grader og sol
Men før 17. mai, som i år fell på førstkommande måndag, ventar nokre dagar med varmt og tidvis fint vêr i store delar av Sør-Noreg.
– Torsdag og fredag blir det ganske høge temperaturar, opp mot 20 grader enkelte stader. Særleg austafjells stikk av med dei høgaste temperaturane. Det blir lengre periodar med sol, men ein skal ikkje sjå bort frå enkelte regnbyer, seier Granerød.
Også i Trøndelag og på Vestlandet kan gradestokken komme til å vise 20 grader.
I Nord-Noreg vil det på dei same dagane òg bli skiftande vêr, men ikkje så høge temperaturar som lengre sør i landet.
– I nord kjem temperaturane i låglandet til å variere mellom 2–3 grader til 8–10 grader. Det blir lågare temperaturar langs kysten, seier han.
Helgevêret
I helga ligg det an til eit temperaturfall i Sør-Noreg, med 10–12 grader og litt meir samanhengande skydekke.
— Særleg søndagen ser ut til å pregast av skiftande vêr, seier Granerød.
I nord vil helga by på periodar med sol, særleg for Nordland. For Troms og Finnmark er det nok mest håp om sol fredag, med innslag av regnbyer, ifølgje Granerød.
– Dette er ein typisk sommarvêrsituasjon, det er vanskelegare å varsle vêret på sommaren når lågtrykka er svake, seier meteorologen.