Sitronsommarfuglen er relativ fersk i Skandinavia.
Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven / NTB / NPK
Varmare klima gir fleire sommarfuglar
Fleire dagsommarfugl-artar har kome til dei nordiske landa dei siste 120 åra, viser forsking.
Talet på sommarfuglartar har auka med 64 prosent, frå 46 til 70 artar i snitt i ulike område. Forskarane meiner at eit varmare klima har gjort at stadig fleire artar søkjer seg nordover. Dei nye artane er synlege og dekorative bevis på høgare temperaturar.
– Vi er vitne til dramatiske endringar i naturen, seier forskaren Johanne Sunde ved Linné-universitetet i Kalmar i Sverige. Ho var med på studien, som er publisert i Nature, ifølgje forskning.no.