Volleyballjentene frå Vindafjord viste både ferdigheiter og samhald på banen, då dei slo Sandnes VBK i 16-delsfinalen i Norgescupen på heimebane i fjor. Etter Vindafjord-siger i Regionscup Rogaland er det klart for ein ny NM-kamp mellom laga.
Arkivfoto: Anita Haugland
Vann regionscup – klart for ny NM-fest i Vikedal
Vindafjord vann alle sine fire kampar i turneringa, og tapte berre eit sett på vegen. I dei første kampane blei Haugesund Volleyball (25-23 og 25-23 i sett) og Sandnes Volleyballklubb (25-7 og 25-13) slått 2-0 i sett.
Deira einaste sett-tap kom i den tredje kampen, men etter 25-22 og 21-25 avgjorde dei til 2-1-siger med 15-12 i siste sett. I den siste kampen vann Vindafjord 25-17 og 25-18 i dei setta mot UiSI.
Nytt eventyr