Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Måndag var det kommune- og fylkestingsval.Foto: Valdirektoratet.
Måndag var det kommune- og fylkestingsval.

Valdeltakinga gjekk ned

Publisert Sist oppdatert
62,2 prosent av dei stemmeføre i Noreg valde å bruke stemmeretten ved kommunevalet i år. Det er dårlegare enn for fire år sidan.

Med 99,7 prosent av stemmene opptelt kl. 03.00 var det gitt 2.639.682 stemmer ved kommunevalet i år. Ifølgje Valdirektoratet utgjorde dette ein forventa frammøteprosent på 62,2.

Verd å merke seg er at rundt 48 prosent av alle stemmer vart gitt som førehandsstemmer, noko som er ny rekord.

Ikkje sidan 1983 har valdeltakinga på kommunalt nivå vore over 70 prosent (72,1). På 1990-talet og 2000-talet låg oppslutninga i overkant av 60 prosent, med eit botnnivå i 2003, då berre 59 prosent valde å bruke stemmeretten.

For fire år sidan var frammøtet på 64,7 prosent

(NPK)

Powered by Labrador CMS