Foto: Arne Frøkedal privat
Kjærleikskamp. Klokka har passert fem og orrhanen er alt godt i gang med å gjera seg lekker for. Bilda er tatt frå same natt/morgon ein stad i Grannar-distriktet.Alle
34-22-orreleik10 foto privat arne frøkedal 0436
34-22-orreleik11 foto privat arne frøkedal 0429
34-22-orreleik3 foto privat arne frøkedal 0390
34-22-orreleik8 foto privat arne frøkedal 0378
34-22-orreleik7 foto privat arne frøkedal 0382
34-22-orreleik5 foto privat arne frøkedal 0318

Vakkert spel i grålysninga

Eit unikt og flott spel føregår i naturen desse dagar. Orreleiken er kanskje ikkje så langt unna, men det er få som får smaka på denne opplevinga, av ulike grunnar.

Publisert Sist oppdatert

Den blir gjerne kalla hønseveka», perioden mellom utgangen av april og starten av mai. Det er nå orreleiken er på sitt mest intense; når hanen kjem med sin flotte pondus i kvitt og svart, karakteristiske lydar og intense spel, for å lokka orrhøna til seg. Denne opptakten til hekkinga er av det heilt spektakulære slaget.

Å visa seg fram og få dama sin gunst, er krevjande. For her må hannen imponera på alle måtar for å bli valt ut av orrhøna, som følgjer med frå sidelinja.

Du er ikkje invitert til denne spesielle fugleleiken, og skal du vera publikum, er det på skogsfuglen sine premissar: Å halda ein svært låg profil. Det krevst førebuing i form av å lokalisera scenen», og finna den beste plassen å observera frå. Som usynleg gjest må du ligga i skjul, helst i telt, gapahuk eller liknande. Det smartaste er å legga seg godt til rette i soveposen kvelden før, og ha med godt med klede og niste.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS