Vaflar og kaffi fekk praten i gang: — Folk er meir nysgjerrige
Kundar på Etne senter møtt av herleg vaffellukt fredag – og kunne få gratis vaflar og kaffi i anledning verdsdagen for psykisk helse.
— Eg synst folk opnar seg meir opp når dei får ein kaffikopp og vaflar i handa, seier Karianne Taraldsøy, som stod på stand og representerte Mental Helse Etne og Vindafjord.
Mental Helse Etne og Vindafjord deltok saman med representantar frå Arbeid og aktivitet i Etne kommune. Det var både fredag og haustferie, noko som gjorde at mange tok turen innom senteret – og innom standen deira.