Det er blitt ein oppvask lokalt i Vindafjord på grunn av ein del vedtak som har fått plass i det nye arbeidsprogrammet til Miljøpartiet de grønne (MDG), og som fører til utmeldingar av partiet.
Dei tre skal vere uavhengige representantar i Vindafjord-politikken framover. Linda Skaar har plass i kommunestyret og utval for drift, utvikling og kultur (DUK). Dei to andre er Tone Staurland som er andre vara til kommunestyret, og Rune Bu-Pedersen er fjerde vara til kommunestyret og første vara i DUK.
Utmeldinga er ein reaksjon etter landsmøtet før påske.