Usemje om likestilling på garden
Usemje om likestilling på garden
– Når vi ser på kven som har svart kva, blir biletet litt annleis. Blant kvinnelege bønder er det berre fire av ti som meiner dei er likestilte, og, nesten 50 prosent svarar nei, seier Ane Wiig Syvertsen, administrerande direktør i Landkreditt Forsikring i ei pressemelding.
Det er flest av dei yngre bøndene som meiner forholda ikkje er godt nok lagt til rette med tanke på likestilling.
– Det har nok samanheng med at likestillinga særleg blir utfordra på område som gjer seg gjeldande tidleg i yrkeslivet, ikkje minst i samband med graviditet og ansvar for småborn, seier Wiig Syvertsen.