Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Uroa av mange gardsbrannar

Publisert Sist oppdatert

Haugalandet er overrepresentert nasjonalt i talet på brannar i landbruket, og nå tar fagetatane grep. I løpet av dei to siste åra har Etne og Vindafjord vore råka av tre brannar i landbruket der husdyrliv har gått tapt. I mars 2017 byrja det å brenna i ein kyllingfarm i Sandeid. Året etter oppstod det brann i ein driftsbygning i Etne og nyleg omkom fleire dyr under gardsbrannen i Tørsdalen i Vats.

Årsaka til desse brannane er fortsatt ukjent, men statistikk viser at rundt 70 prosent av alle brannar i driftsbygningar her til lands er forårsaka av feil ved elektrisk anlegg. I håp om å redusera talet på brannar har Haugaland brann- og redning i samarbeid med mellom anna Haugaland Kraft, Mattilsynet, landbruksrådgiving, bondelaget og Fatland slakteri invitert bønder til fem fagmøte ulike stader på Haugalandet der brann og brannvern står på programmet.

Første stoppestad var Vindafjordhallen i Vats der rundt ti bønder møtte for å høyra og diskutera kva som kan gjerast for å hindra at ein brann bryt ut og kva tiltak ein skal setja inn for oppdaga mulige brannar på eit tidleg tidspunkt.

Powered by Labrador CMS