Unik folkefest
300 billettar blei rivne vekk då Vestlandsfanden tok turen til Imsland Bygdahus laurdag kveld. Arrangøren er storfornøgd med kvelden.
— Med eit band i knallform og eit utselt bygdahus blei det ein suksess. Folk i alle aldersgrupper song med, dansa og storkosa seg til musikken, fortel styreleiar i bygdahuset, Jarle Nordtveit Åsheim.
Rett over klokka 23.00 gjekk Vestlandsfanden på scenen til eit ellevilt publikum. Med ein gymsal full av folk, drog Vestlandsfanden kjende låtar frå dei siste 40 åra ute på vegen. Både lokale og folk frå andre stadar fann vegen til Vindafjord si minste bygd.
— Dugnadsfolk stilte opp i hopetal for at me skulle få dette til, fortel Nordtveit Åsheim.
Dette er andre gong Imsland bygdahus satsar på å booke inn eit stort band til haust- og påskefest. Styret i Imsland bygdahus ved blant anna Nordtveit Åsheim og Sindre Ramsfjell Skipevåg, er svært fornøgde med arrangementet. Dei håpar på å fortsetje å lokke store artistar til bygda.