100 års jubilanten Borghild Paulsen saman med barnebarnet May-Helen Molde (34) som har tatt turen til Skånevik for å feira mormor.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Ungdomleg 100-åring
I eit lite kvitmåla hus omgitt av ein frodig hage midt i sentrum av Skånevik ligg heimen til Borghild Paulsen. Her har ho budd i over 70 år og her trivst ho som plomma i egget. Sjølv om fødselsattesten viste 100 år den 22. mai er det lite som tyder på at den ungdomlege jubilanten har levd eit som strekkjer seg over ti tiår. Fortsatt bur ho heime og nesten heilt utan hjelp ordnar ho dei daglege gjeremåla sjølv. Både kaffimat og litt middagsmat blir trylla fram på kjøkenbenken og når våren festar grepet gler ho seg over alt som veks og gror i den idylliske hagen.
— Eg klarar meg sjølv og er glad så lenge eg kan vera heime, seier 100-åringen og håpar helsa held seg slik at ho kan fortsetja å huset som har vore heimen i over 70 år.
Nesten sjølvhjelpen