Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

BDO si nye undersøking viser at så mange som ein av fire bedriftseigarar fryktar oppseiingar og permitteringar det kommande året. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
BDO si nye undersøking viser at så mange som ein av fire bedriftseigarar fryktar oppseiingar og permitteringar det kommande året.

Undersøking: Ein av fire bedriftsleiarar fryktar oppseiingar

Publisert Sist oppdatert
Éin av fire bedriftsleiarar fryktar oppseiingar, viser ei undersøking gjord for BDO. Høge kostnader og søkkande etterspurnad er blant hovudbekymringane.

– Vi ser at bedriftsleiarar innan bygg- og anleggsbransjen er mest bekymra, seier administrerande direktør Martin Aasen i revisjons- og rådgivingsselskapet BDO i ei pressemelding.

Heile 35 prosent av leiarane i byggjebransjen fryktar oppseiingar og permitteringar, viser undersøkinga, som BDO har gjennomført i samarbeid med Norstat.

Den baserer seg på 600 samtalar med bedriftsleiarar i små og mellomstore bedrifter frå heile landet.

Samla oppgir éin av fire bedriftsleiarar at dei fryktar oppseiingar og permitteringar det kommande året. Bekymringa er likevel størst blant dei minste bedriftene, der andelen som fryktar konkurs har auka frå 9 prosent i fjor til 18 prosent i år.

Auka produksjonskostnader, høg rente, søkkande etterspurnad og høge straumprisar blir fremja som dei største bekymringane. Samtidig opplever 43 prosent av bedriftsleiarane i undersøkinga at uføreseielege rammevilkår er eit hinder for vekst.

– Delar av næringslivet langs kysten kjem betre ut, mykje grunna olje- og energiverksemda, medan Oslo-regionen viser seg å vere mykje hardare ramma, heiter det i meldinga.

(NPK)

Powered by Labrador CMS