Utan ei rask omstilling og tilstrekkeleg infrastruktur vil næringa ikkje kunne redusere utsleppa sine i tråd med Noregs mål om 55 prosent utsleppskutt innan 2030 og 90–95 prosent innan 2050.
Foto: Marit Rein
Umogleg å nå klimamål for sjømatnæringa
Ein fersk rapport frå Sintef varslar at energibehovet til sjømatnæringa vil auke frå 2,1 TWh til minst 7,5 TWh innan 2040. Dette er behovet for elektrisitet som trengst for å redusere klimagassutsleppet frå næringa i tråd med Noregs ambisiøse klimamål.
Dagens straumnett klarer ikkje å møte dette behovet.
– Det er eit stort press på sjømatnæringa om å byte ut fossilt drivstoff med fornybar energi, seier forskar Hans Tobias Slette i Sintef i ei pressemelding.