UKM: Fem innslag vidare til fylkesfestivalen
I dette spesielle koronaåret blei digital gjennomføring av Ung kultur møtes (UKM) einaste alternativ for arrangørane, og for første gong blei mønstringa i Etne og Vindafjord slått i saman. Til saman 13 deltakarar hadde meldt seg på, og det er ein drastisk nedgang i forhold til såkalla normalår», så her må nok pandemien ta skulda for vanlegvis er deltakartalet samanlagt i begge kommunar gjerne mellom 50 og 80 påmelde.
— Både lokalt og nasjonalt blei årets UKM annleis, og me var ikkje dei einaste som måtte gjennomføra mønstringa digitalt. Me gjorde opptak på Ølen kulturhus laurdag 13. mars, og laga ei videoførestilling som blei publisert søndag kveld. Koronasituasjonen har nok spela ei stor rolle i det låge talet av påmelde, men me er veldig stolte av å visa fram dei innslaga som er med, både på scena og på kunst, seier Einar Bakke som står i bresjen for gjennomføringa av UKM.
Einaste frå Etne