Ny rapport viser at det er betydelege helseplager blant bebuarar nær Tysvær Vindpark.
Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Tysvær: Betydelege helseplager blant bebuarar nær vindpark
Ein nyleg offentleggjord rapport avdekkjer omfattande helseplager blant bebuarar i nærleiken av vindkraftverket i Tysvær kommune i Rogaland.
Det er Opinion på oppdrag frå Tysvær kommune som har kartlagt helseulemper blant bebuarar nær Tysvær vindpark, opplyser Motvind Norge i ei pressemelding.
Rapporten, som fokuserer på verknadene av vindkraftanlegget på helsa til lokalbefolkninga, viser at 40 prosent av dei fastbuande ønsker å flytte frå området.
Ser ein på dei fastbuande i rapporten, er 47 prosent av dei plaga av støy frå vindturbinane. I tillegg oppgir 32 prosent at dei har problem med å sove kvar veke eller oftare, på grunn av støy frå vindturbinar.
Informantane rapporterer òg at turbinstøyen opplevast uføreseieleg, at ein veit aldri når han kjem, kor lenge han vil vare, og korleis det vil opplevast kvar enkelt gong.
– Motvind Norge forventar at Tysvær Kommune tek tak i dette snarast, og i samråd med dei ramma kjem med konkrete tiltak for å betre livssituasjonen til innbyggjarane sine, seier leiar i Motvind Norge, John Fiskvik.