Inga-Cecilie Sørheim.
Foto: Privat
På tampen
Typisk norsk å vere sjuk?
Lite tyder på at me er sjukare i Norge enn i andre land. Likevel har me verdas høgaste utgifter til sjukefråvær og uføretrygd. Debatten blussar opp med jamne mellomrom. Kvifor har Norge dobbelt så høgt sjukefråvær som andre land det er naturleg å samanlikne seg med? Er det typisk norsk å vere sjuk? Eller har me for gode» velferdsordningar?
All logikk tilseier at dersom målet er å redusere samfunnskostnadane ved sjukefråvær, må ein sjå nærmare på sjukelønnsordninga. Men sjukelønna har vore ei heilag ku for politiske parti og fagforeiningar. Det fristar lite å gi frå seg noko ein har, ikkje sant? Tanken om at ein ikkje skal straffast økonomisk for å vere sjuk, ligg djupt i oss og er i prinsippet god. Likevel er det slik at langvarig sjukdom over eitt år straffar seg betydeleg økonomisk. Må ein over på arbeidsavklaringspengar eller etterkvart uføretrygd, blir stønaden redusert til omtrent to tredjedelar.
Norge har over dobbelt så høgt sjukefråvær som Sverige. Svenskane si oppskrift er å la arbeidstakarane ta ein del av rekninga sjølve. Dei har innført ein karensdag, det vil seie at ein ikkje får sjukepengar første fråværsdag. I tillegg er sjukepengane 80% av lønna. Slik ordninga er i Norge, med 100% lønn i opptil eitt år; tapar verken arbeidstakar eller arbeidsgivar noko på langvarige sjukemeldingar. Å forlenge sjukemeldinga blir dermed minste motstands veg for begge partar. Sjølv om arbeidstakar gjerne vil tilbake i jobb, er det ingenting å tape på å vente nokon ekstra veker for å vere på den sikre sida og unngå forverring av helsa. For arbeidsgivar kan det vere ressurskrevjande å tilretteleggja for ein arbeidstakar som kjem tilbake. Du må bli heime til du er heilt frisk, er gjerne beskjeden. Men når er ein heilt frisk» dersom ein er sjukemeldt for kroniske ryggsmerter, utmatting eller depresjon? Ofte handlar det ikkje om å bli heilt frisk eller kvitt alle sine plager, men om å likevel sjå moglegheiter for deltaking i arbeidslivet. Idag betalar arbeidsgivar dei første 16 dagane av ei sjukemelding. Bør arbeidsgivar heller ta ein del av utgiftene ved langtidsfråvær?