TV Haugaland: Dei tilsette har kjøpt buet – vil starte opp igjen
Dei tilsette i konkursråka TV Haugaland har fått tilslag på sitt bod på buet til det konkursramma medieselskapet i Haugesund, melder Haugesunds Avis.
– Dette er svært gode nyheiter. Det er noko vi har ønska oss lenge. Sjølv om jobben startar i morgon med planlegging av drift, og å få TV Haugaland opp og stå att, så var dette det første store målet, seier ansvarleg redaktør Karen Hesseberg avisa.