TV-aksjonen: Så mykje blei samla inn i Etne og Vindafjord
Tal frå giverstafett.no viser at innbyggarane i Etne kommune har bidrege med totalt kr 304 770 så langt. Med ei befolkning på om lag 4 072, blir det kr 74,85 per innbyggar— noko som ligg 31,48 kroner over landsgjennomsnittet på 43,37 kroner.
Store bidragsytarar er mellom andre kommunen sjølv som har gjeve kr 30 000, og fleire lokale verksemder. Etne ligg på ein 12.plass av totalt 43 kommunar i Vestland fylke, og ein 70. plass nasjonalt.
I Vindafjord er det så langt samla inn 727 482 kroner. 8 938 innbyggarar i kommunen har i snitt gitt 81,39 kroner til årets TV – aksjon, som også er over landsgjennomsnittet.