Bildeserie
Turnering for lærebøkene
IL Skjoldar med Remi Torgersen i front, har med turneringa ForretningsPartner Cup ved skulestart dei siste åra funne eit konsept som blir omfamna av både ungar og foreldre.
Tveit Cup var namnet då det starta i 2019, men nå som Tveit Regnskap AS er fusjonert inn i Sparebank 1 SR-Bank, og fått nytt namn, har cupen på anlegget til IL Skjoldar på Vikanes òg endra namn.
Det heile går ut på at IL Skjoldar inviterer samarbeidsklubbane sine til fotballturnering, men kvar av klubbane stiller berre med spelarar. Det er ein komité som tar ut laga kor kvart lag får ein så nokolunde lik blanding i alder og kjønn. Dessutan er det ein viss fokus på nivå for å unngå at eit lag eller to blir toppa med dominerande spelarar.
Dermed spelar jenter og gutar på lag, og kvart lag har ein vaksen med på laget. Ungane kjem frå bygdene Vikebygd, Skjold, Øvre Vats, Nedre Vats, Ilsvåg, Sandeid, Vikedal og Imsland. Laga kan dermed ikkje heita til dømes Vikebygd eller Vats, men får namn plukka frå Champions League. Så lag som Porto, Manchester City og Ajax spelte søndag.