Etter planen skal båten Langfoss» kome dei verfaste på Eikemo til unnsetning.
Arkivfoto: Anita Haugland
Turistane nyt fjorden i ny båt
Den nye turistbåten har større plass til turistar som vil stå ute og sjå fossefallet tettast mogleg på.
Fire busslaster med cruisebåtturistar frå Haugesund har denne fredagen fått oppleve Åkrafjorden på sitt finaste. Ved lunsjtider startar dagens første båttur med sol og blikkstille vatn. Ifølgje kamptein Robert Stråbø Melkeraaen, fungerer den nye båten svært godt så langt. Det er Åkrafjorden Oppleving som administrerer turane, men den er kjøpt inn av Green Fjord Cruises AS.
— Forskjellen frå den gamle båten, er at turistane har mykje betre plass ute. Det plar vere fullt på dekket oppe, fortel Melkeraaen.
Mannskapet passar på å gå tett inn til dei bratte fjellsidene, slik at turistane kjem tettast mogleg på spektakulær natur og fossefall.