Svarttrost
Foto: Hanna Johre / NTB
Trost spreier den farlegaste borreliabakterien
Den vanlegaste borreliabakterien folk får frå flått i Noreg, Borrelia afzeli, blir spreidd gjennom smågnagarar som mus. Men dei alvorlegaste sjukdomstilfella, nevroborreliose, kjem av bakterien Borrelia garinii, som framfor alt blir spreidd gjennom trost, skriv forskning.no. Trosten hoppar ofte rundt på plenen i hagen til folk. Risikoen for å bli sjuk etter flåttbit er truleg berre to prosent. Av desse er det berre 1 av 10 som får ein alvorleg sjukdom. Likevel var det i fjor over 500 personar som utvikla slik alvorleg sjukdom i Noreg.