Gjengen i MCE leverte fredag sitt påbygg nummer 300. Mateusz Rudowski (f.v.), Pawel Zablotwicz, Michal Pietras, Daniel Holten, Dariusz Ciesak, Waldemar Michalski, Krzysztof Zablotowicz, Mohammad Alhamdan, Bjørnar Bøthun Vik, Jan A. Kaliszak (delvis skjult), Even Fosen Verthus.Jan Ove Krinblebotten og Thomas Krokå kunne ikkje vere med på bilete. Foto: Svein-Erik Larsen
Gjengen i MCE leverte fredag sitt påbygg nummer 300. Mateusz Rudowski (f.v.), Pawel Zablotwicz, Michal Pietras, Daniel Holten, Dariusz Ciesak, Waldemar Michalski, Krzysztof Zablotowicz, Mohammad Alhamdan, Bjørnar Bøthun Vik, Jan A. Kaliszak (delvis skjult), Even Fosen Verthus.Jan Ove Krinblebotten og Thomas Krokå kunne ikkje vere med på bilete.
Bjørnar Bøthun Vik stortrivast som lærling i MCE.
Bjørnar Bøthun Vik stortrivast som lærling i MCE.
Avdelingsleiar for påbygg ved MCE, Daniel Holten.
Avdelingsleiar for påbygg ved MCE, Daniel Holten.
Palfinger fekk æra av å få MCE sitt påbygg nummer 300.
Palfinger fekk æra av å få MCE sitt påbygg nummer 300.

Treng fleire på laget

MCE feirar at dei leverte sitt påbygg nummer 300 hundre. Nå ønskjer avdelingsleiar Daniel Holten (30) ved den mekaniske verksemda i Etne seg fleire medarbeidarar med på å utføre dei stadig fleire oppdraga.

Publisert Sist oppdatert

— Me er for lite folk i forhold til jobbane me får, seier Daniel Holten under fredagens markering.

Sidan vikedalsbuen starta ved bedrifta i 2017 har ordreboka alltid vore full, noko den også er ut 2022.

Stor vekst

MCE leverte sitt første påbygg året etter starten i 2001. Som dei fleste oppdraga i Etne-bedrifta sin startfase var kunden den gong Fatland Ølen og deira dyretransport. I 2013 starta verksmeda å levere påbygg til kranbilar, og sidan har dei levert i eit stadig større omfang.

— Det kjennest bra å levere påbygg nummer 300. Me hadde ei markering då me hadde nådd 200, og eg føler det ikkje er så lenge sidan, seier avdelingsleiaren.

Den markeringa var i slutten av 2019. Nå jobbar dei med opp imot ti påbygg samtidig når ein tar med heilt frå teiknestadiet, der av typisk seks-sju er i produksjonsfasen.

Avdelingsleiar for påbygg ved MCE, Daniel Holten.

— Det har skjedd mykje sidan me starta. Blant anna har me utvida til å bygge med fleire kranleverandørar. Me leverer til alt i frå små lokale firma som berre har nokre få bilar, til store reine kranmerke. Våre to største kundar er Hiab og Palfinger, nokon av dei største kranmerkene i Noreg. Dei sel vidare kran og påbygg, fortel Holten.

Fungerande dagleg leiar Terje Gravelsæter talfestar påbygg til i dag å vere cirka 40 prosent av verksemda til bedrifta, som hadde driftsinntekter på over 85 millionar kroner i 2020. Jubilums-påbygget er til ein Palfinger-kranbil. Sluttkunden er Nesstra, eit Oslo-fima som har brukt MCE fleire gonger sidan 2019.

— Det tek eg som eit godt teikn på at dei vil bruke oss igjen. Me har ein kunde til som me skal levere til om to veker. Det lovar bra at me kan levere til kundar heilt i Oslo, og at dei kjem her igjen, seier Holten.

Grundig arbeid

Det er ein lang prosess når ein skal bygge eit påbygg. Det startar med unike og skreddarsydde teikningar, før dei går vidare til prefabrikasjon, altså alt dei gjer før overflatebehandlinga.

— Etter prefabrikasjon er det prøvemontering på bilen der me ser at alt passer med hjul, tankar osv. Så tek me det av og sjekkar at alt er slik det skal vere og sender påbygget til billakkering på Suldal Billakering i Sandeid, fortel Holten.

Palfinger fekk æra av å få MCE sitt påbygg nummer 300.

Mens påbygget er til billakkering klargjer MCE alt det elektriske. Når påbygget kjem tilbake blir det montert på bilen, før arbeidarane koplar til hydraulikken. Er det ein kranbil monterer dei så kranen, så vel som verktøyskap osv.

— Det tar mellom 500 og 1000 arbeidstimar, altså to og ein halv- til tre månadar å gjere klar eit påbygg. Fire om du tek heilt i frå teiknestadiet, seier avdelingsleiaren.

Påbygg har vore i konstant utvikling sidan han starta i jobben. Det kjem både nye løysingar og krav frå vegvesenet som dei må forholda seg til.

Det er berre til søke for alle som er interesserte

Daniel Holten, avdelingsleiar påbygg MCE

Kjekk arbeidsplass

Det varierer litt med både rotasjonsarbeid og veksling mellom avdelingar, men Holten vil seie det er cirka 15 som jobbar med påbygg på MCE. Ein av dei er skåneviksbuen Bjørnar Bøthun Vik (20), som etter snart to år som lærling skal ta fagprøven denne veka.

— Det er veldig kjekt å jobbe her, med mykje variert arbeid. Eg kunne gjerne tenke meg å fortsette etter tida som lærling er over, seier Bøthun Vik.

Bjørnar Bøthun Vik stortrivast som lærling i MCE.

Totalt er det cirka 70 tilsette ved MCE. Avdelingsleiaren på påbygg er tydeleg på at han vil ha fleire med seg.

— Me skulle gjerne hatt fleire flinke folk, og har vore på utkikk lenge. Det er berre til søke for alle som er interesserte, fortel Holten.

Han trur det er stort potensial for påbygg-produksjon på MCE på lang sikt. Det som avgrensar dei nå er tilgangen på areal og personale.

— Hadde me fått meir av dette trur eg me kunne auka ein del. Det er alltid jobbar å få, avsluttar Holten.

Powered by Labrador CMS