Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Tre av fire seier dei planlegg å ta heile eller delar av sommarferien i Noreg i år, viser ei DNT-undersøking. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Tre av fire seier dei planlegg å ta heile eller delar av sommarferien i Noreg i år, viser ei DNT-undersøking.

Tre av fire planlegg ferie i Noreg

Publisert Sist oppdatert

Det er Opinion som har gjennomført undersøkinga på vegner av Turistforeininga. Halvparten av dei spurde svarer også at dei vil på fjelltur i sommar og 60 prosent svarer at dei ønskjer å gå fottur i skog og mark eller langs kysten i løpet av ferien.

— Etter to år med pandemi ser vi at stadig fleire grupper har oppdaga Noreg som ferieland, og vi har ikkje gått lei av Noreg, snarare tvert imot. Vi ser etterspurnad og interesse for unike naturopplevingar og spennande aktivitetar, seier generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i Den Norske Turistforening.

I DNT førebur dei seg på at mange kanskje slit med å få tak i pass eller har vorte urolege over dei kaotiske tilstandane på fleire flyplassar i Europa. Denne veka gjennomførte organisasjonen ein plakatkampanje ved Oslo lufthamn og på flyplassen i Alicante i Spania der bodskapen om at det er ingen skam å snu» vart gjort kjent.

Powered by Labrador CMS