Tørste gav vinnarbildet
Dei var tørste etter å ha gått Noregs lengste motbakke. Det resulterte i eit kreativt blinkskot kåra til årets sommarbilde i Grannar.
— Dette var ein kul bursdagspresang, smiler Bente Tyssebotn Eikesdal og sonen Håkon Eikesdal.
Bente fylte 41 år måndag, medan Håkon blir 7 i dag, 8. august. Etter at fleire hundre stemmer var talt opp, var det Bente Tyssebotn Eikesdal frå Øvre Vats sitt bidrag som hadde fått flest i Grannar sin fotokonkurranse. Ho stakk dermed av med heider og ære, og eit gåvekort på 2.000 kroner i ein valfri butikk i distriktet.
Tørste etter lang motbakke