Tok postkassebande

Natt til måndag denne veka pågreip politiet fire menn i attenårsalderen. Dei hadde vore på […]

Publisert Sist oppdatert

Natt til måndag denne veka pågreip politiet fire menn i attenårsalderen. Dei hadde vore på raid med fyrverkeri i heile Vindafjord, og sprengt postkassar i mellom anna Skjold, Vikebygd, Vats og på Boa. Sjølv har politiet ikkje heilt oversikta over talet på kor mange kassar dei har sprengt i lufta, men dei pågripne har innrømt å stå bak omlag femten eksplosjonar. Likevel har dei ikkje fått leika med sprengstoffet i fred heile vegen. For då Tor Olav Gregersen vakna av eit smell natt til måndag førre veke, kjende han att lyden, og var ikkje sein.
— Eg hadde orkesterplass ned til hendinga ved postkassestativet, og då eg høyrde eit smell, var det ikkje vanskeleg å forstå kva som gjekk føre seg, fortel Gregersen, som valde å ta saka i eigne hender.

Postkasseaction
Klokka var omlag 01.15 då Gregersen høyrde smellet. Huset hans ligg eit stykke borte frå andre husklyngar, og er ikkje like lett å få auga på. Postkasseligaen rekna nok ikkje med at dei hadde ein tilskodar. Når Gregersen kikkar ut av glaset sitt, ser han ein bil køyra bort frå postkassen hans. Han tenkte seg ikkje lenge om før han hadde fått på seg termodressen og var på veg ut i garasjen.
— Eg gjenkjende billyden som ein Sedan dieselbil. Akkurat denne natta hadde eg også parkert bilen min med nasen ut av garasjen, det pleier eg vanlegvis ikkje gjera. Difor var eg raskare ute enn eg ville vore elles, fortel bilmekanikaren.
Gregersen la på hjul etter ligaen som var på veg bort frå staden. Og ved barnehagen i Blikrabygda klarte han å ta dei att. Her var det såpass brei veg at han kjørde forbi dei, og blokkerte for bilen deira.
— Dei prøvde å køyra utanom bilen min, men då var eg allereie ute av bilen på veg mot dei. Eg såg panikken spreia seg i bilen, og då eg ropte at dei ikkje kunne koma seg derifrå, gjorde dei ikkje særleg mykje for å unngå meg, fortel Gregersen.

— Greie gutar
Postkasseforkjemparen i Vindafjord nappa til seg nøklane frå bilen, og gav klar beskjed om kva dei fire dynamitt-Harryane» hadde med å gjera.
— Eg sa tydeleg i frå at eg hadde registreringsnummer og visste korleis dei såg ut, så dei kunne ikkje sleppa unna. Dei hadde berre med å skaffa pengar for det dei hadde øydelagd, men eg kjøper ikkje postkasse kvar dag, så eg tok ein sjans på at det kosta omkring 3-400 kroner. Dei var ganske spake og greie å ha med å gjera på dette tidspunktet, og køyrde til Knapphus der dei tok ut pengar nok til å erstatta to postkassar. Men det viste seg at det va naboen sin kasse dei hadde sprengt, ikkje min, ler den lokale posthelten i Vindafjord.

— Litt naivt
Men ved nøyare ettertanke, meiner 29-åringen at reaksjonen hans gjerne ikkje var av dei mest gjennomtenkte.
— Det var gjerne noko naivt av meg den natta. Eg reagerte relativt fort, men eg veit ikkje om eg hadde vågt det same nå. Du veit jo aldri kva folk du møter på, fortel Gregersen, som likevel konkludererat han hadde gjort det same igjen.
Dei fire karane hadde vore på raid med fyrverkeri i fleire bygder i Vindafjord, men Gregersen hadde ikkje høyrt om vandalismen andre stader, før postdama fortalde om dei eksplosjonane nokre dagar seinare. Gregersen melde då i frå til politiet som pågreip postkasseligaen natt til måndag denne veka.

Powered by Labrador CMS