Tok leiken attende i barnehagen
Sol og skyfri himmel i nesten heile landet kunne ikkje passa betre når barnehagane endeleg får opna igjen etter fem veker med nedstenging. For Henrik Svendsen Håland, Sondre Selland, Johan Eikemo Børretzen og Hallvard Børretzen frå avdelinga Knerten i Enge barnehage i Etne, er det ei fryd å få lov til å boltra seg med klatring og rutsjing igjen i det flotte vêret. Dei 4 år gamle kroppane boblar av energi, og trong til å forska både krikar og krokar av leikeplassen dei har fått til disposisjon.
— Kvar gruppe har fått kvart sitt område både inne og ute, der dei kan opphalda seg, i tråd med dei nye retningslinjene me har fått utdelt. Så denne gruppa har denne delen av leikeplassen som si sone, seier styrar i barnehagen, Gerd Toril Lindevik Arnestad.
Faste grupper