Tok i bruk nyrenovert kyrkje
Den 150 år gamle kyrkja i Ølen er no ferdig pussa opp i jubileumsåret. Prest Magnhild Handeland Helberg og kateket Britt Karstensen var einige om at dei har fått langt trivelegare arbeidsforhold.
Dei fleste av dei som varf i kyrkja søndag ettermiddag meinte at det hadde blitt mykje lysare og opnare. Lasert okergult er den mest gjennomgåande fargen i kyrkjerommet, og det er fargane i altertavla som er brukte ned til minste detalj rundt i kyrkja.
Den første gudstenesta var særleg tilrettelagd for barn og unge. Femteklassingar og fireåringar fekk utdelt bøker, og dessutan var konfirmantane inviterte. Det var livleg i kyrkjekoret, der preikestolen og ein låg vegg tidlegare gjorde det trongt. Preikestolen står no nede i kyrkjeskipet, slik at både prest Magnhild Handeland Helberg og kateket Britt Karstensen kan boltra seg saman med ungane i kyrkjekoret på ein heilt annan måte.
Takksemd
Helberg opna gudstenesta med å seia at det var eit passande samantreff at hausttakkegudstenesta vart den første gudstenesta i den nyrenoverte kyrkja.
– For eit syn dette er, og det er mykje å takka for. Då passar det òg godt å takka for ei nyoppussa kyrkje, byrja ho gudstenesta med.
Fleire tok seg tid til å sjå nærare på oppussinga under kyrkjekaffien etter gudstenesta.
– Det har blitt lysare og opnare her, seier Per Ølfarnes, og dette var det fleire som peika på som det første og største inntrykket, mellom anna Kari Lunde.
Bjørn Asgeir Lunde har hatt ei sentral rolle i oppussinga. Han kan forstå at gulfargen og den nye lyssettinga gir eit slikt inntrykk.
Unni Marie Lien var òg sentral i prosessen, som starta i august 2022.
– Eg hadde lese meg opp på korleis kyrkja var før den førre oppussinga mellom 1940 og 1942. Det hadde vore ein okergul farge som eg fann restar av på ei gamal dør, seier ho.
Ho lanserte denne fargen, og fekk ingen motstand mot det. Oppgåva med å utføra målinga stod Malermester Meusburger AS i Odda for. Dei har hatt mange slike oppdrag rundt om i landet.
– Mange gamle kyrkjer var tidlegare okergule. Det var nok ein lett farge å produsera før i tida. Det var ei krevjande oppgåve, men eg er nøgd ut frå dei tankane eg hadde i forkant om å finne ei linje for fargane i bygningen. Det har blitt slik eg såg det for meg, seier Lien.
Tidlegare var det lasert gråblått, så det at dei okergule veggane er laserte, er ikkje noko nytt.
– Vindauga på sørsida var utsett for sol over svært mange år, medan nordsida var betre grunna mindre direkte påverknad frå sola. Nokre glas var øydelagde, og me måtte kjøpa fleire nye glasruter i spesialutforming frå Tyskland. Så har me flytta litt rundt på dei, og har nokre i reserve, seier Bjørn Asgeir Lunde.
Like gjerne som han snakkar om glaset i vindauga, likar han å snakka om treverket. Han kan fortelja at tresorten alm, sjølv etter 150 år, er i så god forfatning at dei ikkje har fornya det.
– Me har brukt linolje og elles behandla det på rett måte, så kanskje kan det stå i 150 år til, seier han.
Lysekronene er frå 1942, men dei er renoverte og vil bli brukte vidare.
– Leidningane fram til kronene var òg frå 1942, men dei er skifta no, forsikrar Lunde.
Klaver
Eit nydeleg svart, blankt Yamaha-klaver er umogleg å ikkje leggja merke til. Det spesielle med instrumentet er at det er ei gåve frå Alf Magnar Habbestad sitt minnefond.
– Det er eit digitalt instrument, men det har innmat ein finn i vanlege klaver. Elektronikken gjer at det alltid vil vera stemt, seier Bjørn Asgeir Lunde, som er langt over gjennomsnittet interessert i musikk.
Ei metallplate på flygelet vil for alltid knyta det til Alf Magnar Habbestad, som mista livet utanfor heimen sin i Ølensvåg på seinsommaren 2023.
Organist Solveig Johannessen brukte både klaveret og kyrkjeorgelet under gudstenesta.
Kateket Britt Karstensen berømma at alle fargane står i stil, og at det er fint at fargane i altertavla går att i rommet.
– Her er det varmt, lunt og fint, noko som gjer at det er godt å vera i rommet, seier prest Magnhild Handeland.