Tøff sesong for morellane
Morellsesongen i år har vist seg å bli ei utfordring for produsentane. Ein uvanleg vinter med både frost og varme saman med mykje nedbør har sett sitt preg på trea.
Vinteren i år har vore spesielt krevjande med både frost, varme og mykje nedbør, noko som har skadd trea og påverka produksjonen.
Det forklarer morellbonden Asbjørn Akersmyr i Lyngdal i Agder til NRK.
Annonse
– Det er som å spele lotto. Du veit kva du satsar men du veit aldri kva du ser igjen.
I tillegg har trekreften vore aggressive i år, ifølgje Akersmyr.
– Trea kan vere heilt fulle av bær, men så døyr dei før ein byrjar å plukke.
Trass i problema, blir det likevel nokre morellar å få tak i når sesongen går mot slutten av juli.
Annonse
Ifølgje Grøntprodusentenes samarbeidsråd et nordmenn mellom 1.500 og 2.000 tonn morellar i året.
(NPK)