Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Knut Trovåg, Modgunn Trovåg Vik og Alfred Trovåg var svært rysta over innbrotet dei opplevde i september 2023Foto: Privat
Knut Trovåg, Modgunn Trovåg Vik og Alfred Trovåg var svært rysta over innbrotet dei opplevde i september 2023

To polakkar blir utlevert til Noreg etter frekt tjuveri i Vikebygd

Publisert Sist oppdatert

Knut Trovåg frå Vikebygd opplevde marerittet då han kom heim etter gravferda til kona si i fjor. Sølvtøy, gifteringar og bunadssølv var stole medan han var i kyrkja.

— Det blei ein helsvart dag, sa Trovåg til Åsted Norge-redaksjonen i TV2.

Gjennom 2023 blei fleire på Sør-, Vest- og Austlandet utsette for liknande innbrot. Politiet sikta to polske menn, som no er utleverte til Noreg etter ei kopling til innbrot i Danmark.

Fann gjerningsmenn på nettet

Hilde-Marie Birkeland frå Tau spelte ei avgjerande rolle i å løyse saka. Etter innbrot i hennar eige hus, fann ho namn på dei sikta i eit brev frå politiet. Ved å søkje på internett oppdaga ho at mennene var dømde for liknande tyveri i Danmark.

— Eg følte meg som ein superdetektiv, seoer Birkeland til TV2.

Hennar tips gjorde at politiet fekk eit gjennombrudd.

Dei to mennene, som brukte falske bilskilt og systematisk tømde heimar for verdisaker, er no sikta for 13 innbrot i Noreg. Ein av dei sit varetektsfengsla på Vestlandet, medan den andre framleis er under etterforsking.

Framleis i sorg

Trovåg, som skulle gi arvestykka vidare til barna sine, er framleis prega.

— Eg håpar dei ansvarlege får sin straff, seier han til TV2.

Powered by Labrador CMS