Seksjonsleiar Kari Rørtveit ved Etne og Vindafjord politistasjon.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
To menn sikta for grov kroppsskade
Det var klokka 20.28 onsdag kveld at politiet fekk melding frå ein mann som fortalde at han hadde blitt oppsøkt av to menn og utsett for vald i sin bustad i Ølen.
Ein patrulje vart sendt til adressa, der fann dei meldar som var skadd og blødde.
Mannen var torsdag føremiddag innlagd på Haugesund sjukehus. Han skal vere utanfor livsfare, utover det er tilstanden ukjend.