Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

To av dei beste i landet

Publisert Sist oppdatert

Dei er begge talentfulle fotballspelarar som er svoltne på meir, og om ikkje lenge skal både Lilly Øren og Nikolai Tendal frå Etne på talentleir til Porsgrunn. Lilly reiser austover allereie neste veke, for då det er samling for jentene. Nikolai reiser veka etter, og i møte med 37 andre håpefulle fotballtalent i gruppa, er det ein fast plass i landslagsstallen som er draumen. Det er tatt ut 38 jenter og 38 gutar som skal konkurrera om plassane.

— Eg gler meg til å komma bort for å trena med gode fotballspelarar og gode trenarar, seier Nikolai Tendal.

Lilly Øren er sikker på at det blir ei oppleving å vera med på samlinga, og ho skal verkeleg gjera sitt beste. Ein plass på landslaget er det dei begge har jobba for ei god stund allereie, og dei vil kjempa så hardt dei berre kan.

Powered by Labrador CMS